torsdag 23. juni 2011

Unio på arbeidstakerne sin side

Følgende debatt har gått i Bergens Tidende (klikk faksimilen for større versjon):
Unios leder Andres Folkestad svarer i BT:
Det er med undring eg les Toromod Tobiassen sin artikkel i BT dlen 8. juni der han hevdar at Unio må velje mellom å vere ein arbeidstakarorganisasjon eller ein arbeidsgivarorganisasjon. Etter lønnskamp og fleire streikar dei siste åra er Tobiassen den første eg bar høyrt som er tvll om at Unio er ein arbeidsakarorganisasjon.

Tobiassen sitt innlegg inneheld ellers ein del usaklege karakteristikkar av forbund og tillitsvalde som er knytt til “lønnsadel” og “maktmenneske” og påstandar om infiltrasjon og maktmisbruk. Samstundes tar han opp ein del dilemma som arbeidstakarorganisasjonar og tiIlitsvalde står overfor. Og det er rett at New public management-styringa har forsterka somme av desse. Korleis dette skal handterast står på dagsordenen både i Unio og i medlemsforbunda våre.

Det kan sjøvsagt vere interessemotsetnader både om lønn og andre forhold mellom tilsette og leiarar i same fagforeining. Det er ingen tvil om at dette kan vere utfordrande.
Likevel er det slik at det også er eit fagleg fellesskap mellom medlemmer sjølv om dei forvaltar ulike roller og oppgåver. Dette er snarare em styrke enn eit problem.

Sjølv om leiarar og mellomleiarar i mange samanhengar representerer arbeidsgjevar, er dei også arbeidstakarar og ffgpersonar. Tobiassen har nok lite støtte for å kaste desse ut.

Eit anna dilemma Tobiassen peikar på er at det også i fagrørsla finst interessemotsetnader mellom medlemmene, til dømes ved omstillingar på arbeidspIassen. Å handtere slike prosessar er klassisk fagforeinigsarbeid. Her arbeider Unio og forbunda på brei front, både med lov- og regelverk og gjennom juridisk støtte og skolering av tillitsvalde.

Unio og medlemsforbunda har nok viktigare oppgåver enn å avklare om vi er arbeidstakar eller arbeidsgjevarorganisasjon. Den avklaringa er gjort for lenge sidan. Det blir dagleg stadfesta at Unio er på arbeidstakarane si side.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar