fredag 20. mars 2015

Meir praksisnær kunnskap

Sigurd Haga, forskar ved Seniorsenteret, HiOA, skriv om "praksisnær kunnskap":


Då leiaren av Forskarforbundet, Petter Aaslestad, vart spurd om kva han ville gjort dersom han var kunnskapsminister i ti minuttar, svara han slik:

«Kunnskapsministeren bør slå et slag for det praksisnære forsknings- og utviklingsarbeidet i profesjonsutdanningene og også minne resten av akademia om deres betydning.» (Forskerforum nr. 10, 2014).

Utsegna er uttrykk for ei viktig prioritering. Men den er også kontroversiell. I ei tid då leiinga ved dei fleste høgskolane er prega av ei sterk universitetsentusiasme, viser ordet praksisnær til eit alternativ til det kunnskapssynet og den utviklingstenkjinga som har vore så framtredande ved høgskolane etter 1994. 
/../
I fråværet av ein grunnleggande fagdebatt har universitetsorienteringa ført til at den praktiske kunnskapstypen og høgskolen si primære verksemd; utdanning til praktisk yrkesutøving, er blitt nedprioritert. Slik eg ser det var Kvalitetsreforma i 2003 det største steget i utviklinga bort frå den praksis og det perspektivet som skulle ta hand om den praksisnære fagutviklinga ved høgskolen. Dei sterke insentiva: ordningane med bachelor- og mastergrad og tilrettelegging for doktorgrad og professoropprykk, fullførde langt på veg «universitetiseringa» av høgskolen.

Så attende til Aaslestads viktige utfordring: Korleis kan kunnskapsministeren, i den situasjonen høgskolen nå er i, slå eit slag for ei praksisnær utvikling av av profesjonsutdanningane?

Mitt første tips til kunnskapsministeren er at han må ta utgangspunkt i at profesjonshøgkolen og universitetet har ulike mandat. Høgskolen si primære oppgåve er å utdanne høgt kvalifiserte profesjonsutøvarar: lærarar, helse- og omsorgspersonell, ingeniørar, politi osb. Dette er handlings- og samhandlingsorienterte yrkje. Det dreier seg om konkret og direkte deltaking, om medverknad og inngrep i folks liv; i klasserommet, i behandlings- og omsorgssituasjonar, bak skrankene, på byggeplassar og i gatene. Profesjonsutøvarane er velferdssamfunnet sine frontsoldatar og intellektuelle førstelinearbeidarar: Dei skal i sin praksis også formidle samfunnet vårt sine verdiar. Det er denne verdiforankra profesjonelle praksisen som skal gi utøvarane status og verdi. Ved forskingsuniversitetet er det andre ideal som rår grunnen, t.d. opparbeiding av ny, universell kunnskap og publisering i internasjonale tidsskrift.

Kilde: Khrono