– Det er på tide å koma seg ut av mellomalderen, meiner Gry Kibsgaard, som representerer dei administrativt tilsette, då universitetsstyret ved UiB hadde møte før helga.
Ifølgje universitets- og høgskulelova skal røystene til dei vitskapleg tilsette vega mellom 51 og 71 prosent, studentane sine stemmer skal vega mellom 15 og 30 prosent, og stemmene til dei tekniske og administrativt tilsette skal vega mellom 5 og 25 prosent.
Kibsgaard viste til at i Oslo tel stemmene frå denne gruppa 22 prosent, i Stavanger 18 og i Tromsø 24,5.
– UiB er faktisk nest verst i klassen. Verst er Høgskolen i Bergen, der røystene frå denne gruppa tel 15 prosent, utdjupar Kibsgaard til På Høyden.
På Høyden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar